Trette menn-marsjen 2025

page view image
Event date

Sunday 26 Jan 2025 10:00

Ends Sunday 26 Jan 2025 15:00
order

Available items

Billett inkl. busstransport
event image

Event information

Vandring langs jærkysten frå Orre gamle kyrkje til Hå gamle prestegard.

Oppmøte ved Bryne stasjon. Busstransport t/r er inkludert i prisen.
Bussen ventar på toget frå Stavanger og Egersund før avreise.

"Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand.." Trette menn-marsjen har vore fast innslag under Garborgdagar sidan 2020. Me går i alt slags vintervêr, med litterært påfyll undervegs. Denne gongen går marsjen i vakkert jærkystlandskap frå Orre gamle kyrkje til Hå gamle prestegard. Turen er variert og går på sandstrender, gras, rullesteinar og grusvegar. Vel framme på Hå gamle prestegard får me kaffi,te og lappar. Dei som ønskjer kan kjøpa meir mat i kafeen. Gratis inngang i kunstutstillingane.

Turen i det flotte landskapsvernområdet er om lag 10 km. Ha på gode tursko, og klede etter vêr - og vind. Me går hovudsakleg på sandstrand og langs beitemark første halvdel av turen. Dei siste kilometrane er enklare å gå på grusveg. Til slutt kryssar me Håelva over hengebrua nord for Hå gamle prestegard. 

Bussen køyrer oss til Bryne stasjon etter at me har hatt ei fin stund i lag på prestegarden. 

Foto: Garborgsenteret

Arrangør: Garborgdagar i samarbeid med Hå gamle prestegard.

Tags

garborgdagar2024
Organizer
Time Bibliotek