Garborg og fela // Garborgdagar 2026
Musikalsk foredrag med Malmin
Malmin er ein duo som har fordjupa seg i folkemusikk frå Rogaland, og som i denne økta vil sirkla seg inn på Jæren spesielt, og samtidig kopla det opp mot felespelaren Arne Garborg.
Publikum får eit møte med folketonar som har røter langt tilbake i tid, så langt at dei må spelast på mikrotonale instrument for å henta fram den gamle tonekjensla – tonar som ligg utanfor det tempererte systemet. Duoen består av Olav Christer Rossebø, kjend frå m.a. Bergen Mandolinband og Lady Hardanger, og Anders Sundsteigen Hana, primus motor for folkemusikklubben Gorrlaus i Stavanger.
Arrangementet er del av Garborgdagar 2026.
Etter foredraget speler Malmin til dans, med eit lite introduksjonskurs i folkedans. Gratis inngang.
Måleri av Harriet Backer. Foto: Nasjonalmuseet/Børre Høstland