page view image

Ein time med Tore Renberg // Garborgdagar 2026

Om dikting og språk

Information
event image

Tore Renberg er ein av dei mest anerkjende og produktive forfattarane i Noreg. Bøkene hans er omsette til mange språk, og han har motteke ei rekke prisar, blant anna for Kompani Orheim (Brageprisen) og Tollak til Ingeborg (Bokhandlerprisen og Nynorsk litteraturpris). 


Med romanen Du er så lys (2016) oppdaga han kor naturleg og forløysande det kjendest for han å skriva på nynorsk. Frå då av såg Renberg på seg sjølv som ein tospråkleg forfattar. Hausten 2025 overraska han med si første lyrikksamling, Øie=Viise, 1720 og andre dikt, der han presenterer 101 portrett skrivne på ei rekkje ulike språkformer: frå nynorsk og bokmål til eldre dansk-norsk og dialektar. Denne fleksibiliteten viser viljen hans til å utforska språket frå mange sider - og tider. 


Under Garborgdagar les Tore Renberg frå si nye bok, og pratar om forfattarskapen, dikting og språk.

Foto: Peter Sandell