page view image

Forfattarbesøk: Agnes Ravatn i samtale om «Doggerland»

Stig Beite Løken fra Rogaland fylkesbibliotek er samtaleleiar

Information
event image

Bli med inn i romanen Doggerland, der det tradisjonsrike og familieeigde forlaget Høst står framfor eit generasjonsskifte. Kven skal ta over styringa, og korleis kan forlaget overleva i ei tid prega av lesekrise og beinhard kommersialisering? Spørsmålet utløyser maktkamp, intrigar, satire og avsløringa av ei mørk familiehemmelegheit …

Agnes Ravatn er ein av dei mest folkekjære forfattarane frå Rogaland. Vindafjordingen har skrive romanar, essay og sakprosa, og er kjend for dei skarpe observasjonane sine, kvardagsironi og ei særeigen blanding av humor og alvor. Ho vart nominert til Brageprisen for Folkelesnad (2011) og fekk sitt nasjonale og internasjonale gjennombrot med romanen Fugletribunalet (2013).

Ravatn skal samtala med Stig Beite Løken frå Rogaland fylkesbibliotek.