page view image

Odel og Odelsskam // Garborgdagar

Forfattar Maria Lavik i samtale med Gudmund Edland og Stian Ravndal

Informacje
event image

«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»


Journalisten og forfattaren Maria Lavvik har hausta mange lovord og rørt mange med den siste boka si: «Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar». Odelsretten er nedteikna i dei eldste lovtekstane me har i Norge, og me kan lesa skaldekvad om odel i kongesagaene våre. Lova skulle sikra jordeigedomar til familiar gjennom generasjonar. Med nokre endringar i løpet av hundreåra, er lova i prinsippet lik ennå.

Der finst knapt ein gard i Norge utan vanskelege soger om odel. I samtale med bonde og kulturarbeidar Gudmund Edland og Stian Ravndal frå Garborgsenteret, vil Maria Lavik fortelja om si odelskam og kjærleik til heimstaden.

Medarrangør: Jorddøgn. 

Foto: Maria Lavik.


garborgdagar2025