page view image

Bokbad med Ingrid Z. Aanestad // Garborgdagar

Forfattar Ingrid Z. Aanestad i samtale med Inga H. Undheim

Informacje
event image

Ingrid Z. Aanestads forfattarskap utmerker seg med ein særeigen og kompromisslaus stil. På få linjer skaper ho detaljrike scener med stor djupn, og herfrå undersøkjer ho måtar å vera i verda på. Då ho skreiv si siste bok, danningsromanen «Ida i Italia» (2024), fann ho inspirasjon i si eiga ungdomstid på Jæren. Aanestad skildrar det som ei intens skriveoppleving å prøva å koma i kontakt med korleis ho opplevde å vera 15 år.  

Under Garborgdagar samtaler ho med førsteamanuensis Inga Henriette Undheim om spennet mellom kvardagen på ungdomsskulen og draumen om den store verda, om førebilete og lausriving, kva det kostar å bli den ein vil vera. 

NB! Før bokbadet held Inga H. Undheim foredrag om Garborgs skjønnlitterære ungdommar. Det er mogleg å kjøpa billett til begge arrangement til rabattert pris (vel kombibillett). 

Foto: Fartein Rudjord.

garborgdagar2025