Boklansering: "Keisar Augustus" av Peter F. Strassegger

page view image
Arrangementsdato

tirsdag 28 jan 2025 19:00

Slutter tirsdag 28 jan 2025 20:15
BESTILL

Tilgjengelige varer

Vaksen
event image

Arrangementsinformasjon

Siste bok i Peter F. Strassegger si kritikarroste ungdomsserie blir lansert under Garborgdagar!

NB! Arrangementet er gratis, men hugs å bestilla billett. 

Strassegger, forfattar og psykolog, fortel om bøkene og korleis dei omhandlar tema som rus, vald og utanforskap blant ungdom. Karakterane i alle dei tre bøkene hamnar utpå skråplanet allereie på ungdomsskulen. Dei blir stilt overfor vanskelege val og må forhalda seg til det å ta ansvar som ungdom.

Ungdomsserien har dei siste åra blitt formidla til ungdom over heile landet, og no får me endeleg svaret på korleis det har gått med Alexander, Per, Oskar og mange av dei andre.

Som forfattar tek Strassegger utgangspunkt i erfaringar frå ungdomstida si. Han hamna sjølv i eit miljø prega av kriminalitet og rus på Bryne på slutten av 90-talet. Han blei teken av politiet då han var 14 år gamal. På lanseringsfesten møter han Arne Håland, politimannen som konfronterte han med ugjerningane, og som etterpå hjelpte han. Dei snakkar om det som skjedde, og om korleis politi og vaksne kan førebygga og handtera ungdomskriminalitet. Kan litteraturen vera ei hjelp?

Samtalen blir leia av Ørjan Zazzera Johansen, forfattar og formidlar på Garborgsenteret.

Stad: Mellombels ølstove ved Bryne torg.

Peter F. Strassegger er norsk-austerriksk forfattar, oppvaksen i Austerrike og på Jæren. Han har gjeve ut sju romanar. Råskapstrilogien består av bøkene Aleksander den store (2020), Kvil i fred (2023) og Keisar Augustus (2025). For Aleksander den store blei Strassegger nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris og Uprisen. Kvil i fred blei nominert til Uprisen.

Arne Håland er tidlegare lensmannsbetent og politibetent. Han har sidan 1980-talet jobba som betjent ved ulike lensmannskontor på Jæren, deriblant 14 år i Time, og var tidleg ute med å jobbe førebyggjande mot ungdomskriminalitet. No bur han i Time der han driv firmaet Executio, og er også ein etterspurd føredragshaldar, mellom anna om utviklinga av tilstandane på kinoplassen på Bryne på 80-og 90-talet.

Arrangør: Garborgdagar og Det norske samlaget.

Organizer
Time Bibliotek