page view image

Garborg-kabaret - "Med Garborg til jærs" // Garborgdagar

Informasjon
event image

Kjell Arild Pollestad og Torgeir Bygstad presenterer boka "Med Garborg til jærs". 

I 2024 er det 100 år sidan Arne Garborg døydde. I det høvet gjev forfattarane Kjell Arild Pollestad og Torgeir Bygstad ut ei samling Garborgtekstar om Jæren og jærbuen. Tekstane fører oss inn i det særmerkte ved jærsk liv og lynne, historie og folkeliv. Kabareten vil vera ein presentasjon av boka. Pollestad og Bygstad vil i kåseri og opplesing syna noko av spennvidda i Garborgs dikting, frå realisme og alvor til treffsikkert vidd og bitande satire. Gjennom skildringar av Theodor Dahl får me vita kva slags jærsk Garborg snakka, korleis det gjekk då han skulle halda føredrag på Bryne, eller då ei kona på Undheim ville «omvenda» han.  

Boksal og signering etter arrangementet. 

Arrangør: Garborgdagar i samarbeid med Jæren Forlag. 

garborgdagar2024