page view image

Heimante: Opplesingar ved Frank Tønnesen og Tone Myklebust // Garborgdagar

Informasjon
event image

Kvart år inviterer Garborgdagar forfattarar frå Rogaland til å lesa eigne tekstar for eit lyttande festivalpublikum på Mellombels øl og vinstove.  

Frank Tønnesen er frå Sokndal, og mest kjend som artisten Tønes. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2018 med romanen “Vi kan ikke ta med oss alt dette med hjem”. På Mellombels les Frank  eit utval av tekstar frå spalta “Kunngjeringar”, som han har gleda Dag og Tid-lesarar med sidan våren 2023.  

Tone Myklebust bur i Egersund og debuterte som forfattar for vaksne i 2020 med novellesamlinga “Det stoppar ikkje her.” “Rutine ved varsling” (2023) er hennar andre bok. Novellene hennar skildrar det skakke og skjøre i menneskelivet. Humoren ligg ofte på lur og kan pipla fram over alt. 

Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret er programleiar.  

Arrangør: Garborgdagar i samarbeid med Rogaland forfattarlag. 

Foto av Frank Tønnesen: Vidar Landa  

Foto av Tone Myklebust: Markus Schröder Bjørnseth  

garborgdagar2024