Heimante spesial // Garborgdagar 2026
Kjell Arild Pollestad les og fortel.
Opplesingsarrangementet Heimante på Mellombels er blitt tradisjon under Garborgdagar. Dette året les Kjell Arild Pollestad frå si nye bok, og krydrar med gode historier. Om Til Jæren med Pater Pollestad skriv forfattaren:
“Om Jæren har eg gjennom åra skrive mykje, og no har eg som gamal mann sett saman ein litterær «jærsalat» av eigne tekstar frå mitt ljose fastland. Her finst og sumt som ikkje har vore utgjeve før, særleg nokre dikt som eg til tider har mora meg med å skriva når eg heller burde ha gått og lagt meg. På ein måte er alle tekstane nye, for alt eg har skrive på «sidemålet», kjem her på hjartespråket, på «målet hennar mor.»
Kjell Arild Pollestad er ein av Rogalands mest folkekjære forfattarar og foredragshaldarar. Han har gitt ut over 20 bøker, og står bak omsetjingar av sentrale verk i verdslitteraturen, som Snorres kongesagaar, Homers Odysseen og Bibelen.